Hallingplast skal nytte dei mange flatene for å bygge solceller. Dei startar med produksjonshallen til høgre. Foto: Ragnar Hilde

10 prosent av kraftbehovet

Hallingplast satsar ein betydeleg millionsum på solceller. På lang sikt er målet å produsere ti prosent av eige forbruk.

Hallingplast skal nytte dei mange flatene for å bygge solceller. Dei startar med produksjonshallen til høgre. Foto: Ragnar Hilde
Forfatter: Magnus Lindahl, journalist i Hallingdølen
Dato: 17.01.2023
Sist redigert: 20.01.2023
  • Solkraft
  • Energi
  • Solceller
  • Bærekraft

Hallingplast har no signert avtale med det interkommunalt eigde Vidju Holding AS. I praksis betyr avtalen at det er dotterselskapa Bruse og Hallingdal Teleservice som skal stå for utbygginga.

–Me vil kome i gang med første trinn i 2023, seier dagleg leiar i Hallingplast, Sverre Tragethon.

Trinnvis utbygging

Industribedrifta i Kleivi Næringspark på grensa mellom Hol og Ål har mange tusen kvadratmeter med tak- og veggflate som høver perfekt til solceller.

– Dette er noko me har snakka om lenge. Me ser fleire industribedrifter nedover i Europa gjer det, seier Tragethon.

Første byggetrinn blir rett over produksjonshallen, der maskinene går heile tida.

– Me tek dette trinnvis. I første omgang håpar me å starte til våren og ha første trinn klart i løpet av hausten, seier Tragethon.

Når det første anlegget står klart, skal det produsere kring 215.000 kWh årleg. Det svarar til straumforbruket til kring 14 hushaldningar.

– Kor mykje energi skal anlegget produsere?

– Fullt utbygd skal det produsere ti prosent av forbruket vårt.

Straumkrise

Straumkrise er eit av dei mest brukte orda i året som har gått.

Russlands krig mot Ukraina har ført Europa ut i ei energikrise og prisane har skote til vêrs, og truleg vil høge straumprisar vere ein del av kvardagen framover.

Samtidig er det større merksemd om straumsparing. Fleire og fleire, både næringsliv og privatkundar, ser til andre fornybare kjelder. Det må også til for at energibehovet i framtida skal dekkast.

– Vår ambisjon er å tilpasse oss det grøne skiftet. Dette er ei ledd i det. Då kan me produsere straum me kan bruke sjølve på flatene me har, seier Tragethon.

På spørsmål om prislappen på prosjektet, er svaret «ein betydeleg millionsum».

– Unik sjanse

Samtidig som Hallingplast har vurdert solceller, har det interkommunale fiberselskapet Bruse AS utvikla verksemda frå fiber og elbil-lading til solenergi. Over 90 prosent av Hallingdal har no fiberdekning. Då ser selskapet mot nye marknader.

Dei har inngått kontraktar med leverandørar av solcellepanel og utstyr, og dei har kursa eigne ingeniørar og montørar. Partane har hatt tett dialog ei god stund, men no er avtala i boks.

– Eit betydeleg prosjekt for begge partar. Det er ein unik sjanse for oss til å etablere oss ordentleg som leverandør av solceller. Vårt mål er større enn Hallingdal, seier konsernsjef i Vidju Holding, Audun Grynning.

Han møtte Hallingdølen i lokala til Hallingplast vesle julaftan saman med dagleg leiar i Bruse AS, Svein Solhjell, og leiar for infrastruktur og teknologi, Eirik Strandbråten. Konsernet har 130 arbeidsplassar. No kjem fleire.

– Bruse har tilsett nye ingeniørar og me utvidar staben for denne satsinga, seier dei.

Solcelle-leverandøren til anlegget i Kleivi er verdsleiande og systemet egnar seg for dei klimatiske forholda i innlandet.

– Som lokal leverandør har me innsikt i til dømes snølast og is. Estetikk er også viktig. Det skal passe inn med fargar og refleksjon.

Regionalt samarbeid

For Bruse og konsernet er avtala med Hallingplast viktig. Litt ekstra betyr det at Hallingplast valde lokalt i ein marknad med mange tilbydarar.

– Me er lokalpatriotar, men det må vere kvalitet på det som blir levert, seier Tragethon.

Regionalt kan avtala kanskje bane veg for nye og store solcelleprosjekt. Ifølgje Solhjell er interessa stor om dagen. I tillegg til Kleivi har Bruse eit titals prosjekt gåande.

– Me starta før interessa eksploderte, og mange vil ha ein lokal leverandør. For oss vil 25 prosent av aktiviteten framover vere solceller.

No er dei klare for å gå i gang med sitt største prosjekt. Og det er historisk stort, ifølgje Grynning & Co:

– Utan sidestykke det største i Hallingdal.

To personer med hjelm og refleksvest går på en snødekt sti ved siden av en rekke med store solcellepaneler på bakken.